Glad i diftonger, hunkjønn og a-endinger?
Syns du konservativt bokmål blir for stivt og unaturlig?
Landslaget for språklig samling forteller deg alt om mulighetene i bokmål!
Lær om radikalt bokmål
Artikler 1916–1921
– – –
Vi kann samle programme for alt godt norsk, mål-arbeid, ja i grunnen for all nasjonal framgang her i lande, i tri ord. Det vi vil nå fram til, det skal ha desse tri eigenskapane: det skal være sernorsk, rotnorsk og samnorsk.
Og det er ei stigning i dette programme. Det fyrste vi tek til med, det upphavlege i all nasjonal reising, det er krave på sjølvstende, på å være noko for seg sjølv: vi vil skilje oss ut ifrå dei andre. Og i måle dreg vi då fram og dyrkar det sermerkt norske, det som skil norsk ifrå grannemåla. Men dette er då mykje eit negativt krav, og vi kann ikkje legge all ting berre i det; vi kann t. eks. ikkje gje oss til å avskaffe orde «hest» berre for di dei segjer «hest» like godt i dansk og i svensk. Vi skjønner snart at mål-programme ikkje kann nøgjes berre med «seg sjølv nok», men må stile fram imot «å være seg sjøl». Då stig krave frå det sernorske til det heimevaksne, det rotnorske; vi vil ha med og reise alt det som i sanning høyrer folke vårt til, – folkemåle slikt som det har vakse fram på folketunga i bygd og i by. Og vi kann ikkje bli ståande der heller; vi må finne fram til eit folkemål som samlar folke yver heile lande, – eit samnorsk mål.
Det er sume folk i det siste som har vorte so redd for dette orde «samnorsk», – eg veit ikkje kva for alt dei tenker seg med det; det er mest som um «samnorsk» ikkje kunde være norsk! Eg for min part veit ikkje noko større og gildare enn det som ligg i orde «samnorsk», når ein tek det i rette meininga: det norske som skal samle alle. For det er då dette alt program i lande må gå ut på: folkesamling på heimegrunn.
Det er ikkje berre landsskapssamling det gjeld um. Det er likso vel klassesamling. Vi må sette all evna vår inn på å reise eit samfund som ikkje lenger har rom for klassestrid, men der alt folke er med i broderleg samarbeid. Dette er eit ekonomisk, eit sosialt, eit politisk program. Men målprogramme er med, det òg. For vi vil reise eit norsk mål som skal samle arbeidaren med bonden, bonden med bymannen. Og folkemåle skal beint. fram være ei hjelp i dette samlings-arbeide.
Det dei kaller «Østlandsk Reisning» har si gjerning å gjøre i den store folkereisinga og folkesamlinga. Det er vitnemåle um at austlendingen no for ålvor vil være med i norsk mål-reising, og vi torer trygt helse han hjarteleg velkomen. For vi veit at han er bade sernorsk og rotnorsk, og vi kann være stå på at han vil være samnorsk.
(Frå ein tale i Bondeumngdomslage i Oslo 15. april 1921)