Søk

Bladet

Bli abonnent på Språklig Samling, eller les eldre nummer av bladet.

Bladet vårt

LSS 50 år

Interessert?

Vil du bli med? Ikke nøl!

Meld deg inn

Radikalt bokmål

Glad i diftonger, hunkjønn og a-endinger? Syns du konservativt bokmål blir for stivt og unaturlig? Landslaget for språklig samling forteller deg alt om mulighetene i bokmål!
Lær om radikalt bokmål

Østlandsk Reisning

Vi veit det er Vestlande som har drivi mest med «målstræv» i det siste, og vestlendingane har gjort «landsmåle» mest som til sitt eige mål. Og så har folk her østpå fari til å tru at målspørsmåle var ikkje noe som kom dem ved. Men østlendingane har nå sitt målspørsmål, dei au. Det er ikkje bare noe som vestlendingane vil prakke inn på dem. Det er ikkje bare dette nye spørsmåle som har komi i dei seinste åra, om vi skal få lande vårt målkløyvt – med «landsmål» på Vestlande og kanskje på Sørlande og i Trondheimen, men et fornorska bokmål på Østlande og i Nordland. Østlande hadde et målspørsmål lenge før «landsmåle» tok til å feste seg i vestlandsbygdene. Og når sanninga skal fram, så lyt ein seia at det var Østlande som fyst reiste målspørsmåle i Norge. Det var østlendingane som fyst la i veg med det som vi no kallar målstræv.

Dette vil mange med det same tykkje er bare tøv og tull. Men det er nå sant lell; ein kann prove det med uruggelege fakta.

Professor D. A. Seip, den nye «riksmåls»-professoren, har nyleg dregi fram tor gløymsla et lite skrift som kom ut i Kjøpenhamn i 1771. Skrifte har den uskyldige tittelen «Samtale mellem Einar Jermonsøn og Reiar Randulvsøn på Opland i Aggerhuus-Stift i Norge». Men det er et kvast klageskrift imot embætsmagta i lande. Og det er skrivi på norskt folkemål, ikkje på det danske bokmåle som elles rådde grunnen her i Norge.

Det er oprør i dette. Det var den gongen meir enn to hundre år sia noen hadde våga seg til å bruke det norske heimemåle til skriftmål. Ja, boklærde folk hadde nok somtid dikta viser og vers på norsk; det var noe som dei brukte i alle land i dei dagane, å laga viser på bygdemål, helst når dei skulde ha moro, – det var ingen oprørstanke i slikt. Men et politisk stridsskrift på norsk – det sett nye mål for framgangsviljen i folke. Det har ein ny nasjonal tanke i seg. Det reiser målspørsmåle. Med dette er det sagt, at når det norske folke skal ta att retten og fridomen sin, så må det krevja rett og fridom for måle sitt au; det skal ikkje lenger krøke fingrane og tankane sine etter den danske grammatikken.

Og denne målreisings-tanken var det ein østlending som sette fram. Professor Seip har prova, at den mannen som skreiv «Samtalen» frå 1771, hørde heime på Romerike, og det er visst ingen tvil om at han var ein boklærd bondeson ifrå garden Hjellebøl i Høland (han vart sia prest og skreiv seg Reier Gjellebøl). Romerikingane i våre dagar kann visseleg kjenne att måle sitt i dette skrifte av ein Hølands-gut for halvt-anna hundre år sia. Les bare her et lite stykke:

«De var full inga sak å løyse krona for gjella, å var de myky bære at kongen var skyllug sitt eie folk enn desse utalanske fanta i Holland å Hamborg. Je har hørt seia at dei tar over tjuge ta hundre, å du veit sjøl, da vi hadde penge, lånte vi, bone imellem bone, for tre. Men, sa han far Prestgarn, dei veit inte hår de er vorti ta kistepenga våre. Nei, de ska je seia dei: Myky er vel gått ut i skatter på noen år, men mer har presten, fauten, skrivaren, prukeratera å lensmann eti opp; ja når je unnatar presten, som just inte drikker mer enn te nøtørt, så tør vel mange ta dei andre kara enda ha drukki både vår og si eia velfær bort; ja meir, dei har narra oss te å bli fyllehunner, at dei kunne bruke sitt væsen når forstana vår var borte; for du ska alltid merke at den gemeine mann er myky vilju te å apa etter dei store.»

«Apa etter dei store» – det har småfolk gjort i all dag, og i dansketida var normennene småfolk: Dei apa etter dansken. Men nå kom det ein kar frå Romerike og vilde ha normennene til å vera seg sjøl i målvegen au. Og det er ikkje undrandes på at dette krave kom just da. For 1771 var i mange måtar et nasjonalt nyreisings-år for Norge. Vi hadde fått prentefridom just da. Han stod ikkje lenge ved lag; men det bele han vara, var det liksom det valt fram alt det som folke vårt hadde drøymt om og stunda etter i lange mørke tider. Frå alle landsens kantar reiste det seg krav på sjølstendige norske stats-institusjonar, – norskt universitet, norsk bank, norsk regjering. Den fyste norske historiegranskaren, nordlendingen Gerhard Schøning, ropte ut med magt at Norge er et gamalt rike med et folk så fritt og sterkt som det ikkje har funnis makan til i verda. Og læresveinen hans, Johan Nordal Brun, trøndaren, kvad den fyste norske fedrelandssongen: «For Norge, kjæmpers fødeland», med spådomen om at fridomsdraumen nok skulde bli til sanning:

«Dog våkner vi vel op engang
og bryter lænker, bånd og tvang!»

I heile dette frambrote er det bare så naturlegt at det norske folkemåle kom med, og her er det ein østlending, ein flatbygding, som syner vegen.

Vegen var ubrøytt, og det var bratte kneikar å vinne over. Men 1814 hjelpte oss over ein tå dei verste: fremmendstyre i lande. Nå var det slutt med den tida da den mannen som stod for øvste styringa kunde seia: «Ingen normann er til, vi er alle bare danske borgarar.» Slutt var det på den tida au, da ein norsk diktar – det var ennda Petter Dass – kunde synge at «Kjølen er vist et skjel mellem Svenske og Danske». Og slutt måtte det snart bli på den tida da ein norsk diktar kunde briske seg med at han var den som fekk «det Danske i Mode», og sette si ære i «at være Dansk» (Niels Krog Bredal i 1756).

Det gjekk nå ikkje så ratt med å få danskdomen ut or hjerte som med å sprenge regjerings-unionen. «Vi have jo også engang været sågodtsom danske,» skreiv et fint Kristiania-blad så seint som i 1843; «vi hænge ved Sprogets og Hjertets Fibrer endnu sammen med dansk Poesi og Aand, skjønt ikke mere med den danske Politik.» Så lenge som vi hadde vori under Danmark, så var det ikkje ventande anna, det måtte sitta tjukt med danske merke etter i sinn og skinn. Det måtte koste strid å renske dem ut.

I dei fyste åra etter 1814 var det mange som trudde at nå galdt det om å reise op att gamalnorsk sed og skik, og dei tok det gamalnorske måle til hjelp imot det danske. Men så visste dei nå au, at bondemåle uti bygdene hadde runni tor den gamle rota, og så lærde dei seg norsk tå bonde-talen. Dei granska og skreiv op bygdemåla, og dei sette om gamalnorske bokverk som dei fyllte med nynorske bonde-ord. Det var slike karar som president Christie og Jacob Aall, og biskop Johan Storm Munch som dreiv på med dette arbeide, og meininga var – skreiv Munch i 1816 – «at udluge det fremmede Ukrud, som har qvalt Nordens herlige Tungemål, så at nye og frodige Skud kunde spire frem af den gamle, uvisnelige Rod». Same åre var det at Hans Hanson frå Larvik – ein tå dei best kjende bygdemåls-diktarane våre, han som bl. a. har skrivi «Astri, mi Astri» – spådde at det sjølstendige Norge snart skulde få ei heil dikting på sitt «eget Sprog» – «et kraftfuldt Sprog fra Dølens Hjem»; han tok sine eigne kvæde som «Forvarsel» for denne nasjonale målreisinga.

Men det trangs ei folkereising før det kunde bli magt i målreisinga. Og kom fyst folkereisinga, så måtte målreisinga fylgje med. For det danske måle var et herremål her i lande; det var danske magthavarar som hadde sett det til høgbords i Norge. Den danske kongen og embætsmennene hans hadde teki dansk til bruk i norske statssaker alt ifrå 1400-tale. På 1500-tale kom det kongebrev på kongebrev om at den gamle norske landslova måtte bli sett om på dansk, så lagmennene kunde skjønne ho; dei måtte ha ho – som ein tå desse embætsmennene skreiv – på «det mål som vi nu tale her i Norge», og embætsmanns-måle det var dansk. På den måten fekk vi det som kallar seg Christian IV's «norske» lov i 1604, og den nye «norske» lovboka frå 1687 var mest bare avskrift etter den danske frå 1683, – ymse stykke tå den gjeld her i lande den dag i dag.

Bibelen sette dei om på dansk i Danmark og sende hit op til Norge, og denne danske bibelomsetninga rådde grunnen hos oss heilt fram til 1890. Dei hjelpte fram lærdom og oplysning mellom normennene med «danske» skolar, og kongelege forordningar sette fast at dei norske barna skulde bli oplærde i dansk og på dansk.

I kyrkebøkene vart folkenamna våre laga om på dansk så godt det let seg gjøra, så normennene kunde sjå ut som danskar; dei fekk heite «Ener» og «Østen» og «Hagen» o. s. fr., og det er nok av normenner som skriv seg så den dag i dag. På same gjerda stellte skrivarane med gardsnamna i jordebøkene; «Tveiter» vart til «Tveder», «Løykje» til «Løgen», «Øygarden» til «Ødegård», o. s. fr., – allslags tvilyd og harde medlyd måtte burt, og inga namn måtte ende på den fæle norske sjøl-lyden a. Same vegen gjekk det med alle andre namn i lande, så på landkorte kunde Norge syne seg som det det var: ein dansk provins.

Ennda er det fullt med folk i lande som gøymer med djup vørnad på denne danske tilsulkinga i namna våre; norske bønder skriv seg «Ole Gundersen», og dei kann bli reint ifrå seg av sinne, når noen vil setta norsk form på gardsnamna deiras. Så provins-tanken har nå eti seg langt inn i sjæla på mange folk.

Men det er nå så lell, at når folke fyst tok til og vilde rå seg sjøl, så måtte det koma i strid med dette danske mål-velde. Når folke reiste seg imot den overklassa som styrde, så måtte det reint uvilkårleg med det same reise seg imot det måle overklassa brukte; for det var ikkje folkemåle.

Og såleis gjekk det da au. Da den store bonde-agitasjonen gjekk over lande i åra 1830-32, – da det fyste «bonde-stortinge» vart valt, og bøndene samla seg til strid for folkestyre i bygdestelle sitt, i det praktiske live, i rettargangen, – da fylgde bondemåle med tå seg sjøl.

Alt i det vesle agitasjonsskrifte som var ophave til heile rørsla, – «Ola-boka» hans John Neergård, – der er alt det som blir lagt i munnen hans Ola, skrivi på bondemål. Det er et trøndsk bygdemål, selbygmål, og mesteren for det var Petter Ertzgård, bonde i Stjørdalen, eidsvollsmann og stortingsmann, ein tå dei trugne stridsmennene i bondereisinga.

Straks etterpå fløymde så bygdemåla fram i blada, – i «Ugeblad for Skien» (1831-32), i «Folkebladet» som Henrik Wergeland var med og styrde (1832), i Peder Soelvold's «Statsborgeren» (1832). Allstad er det innlegg i bondestriden; bygdemåle blir brukt til å tala bondens sak.

Dei er namnlause, alle desse stykka, og det er some som har gissa på at det var boklærde folk som skreiv dem, – plent som med bygdemåls-visene i 17de og 18de hundreåre. Om nå dette var sant, så synte det bare at overklassefolk tykte dei måtte nøyte bondemål når dei vilde ruske op bondefolke. Men heilt sant er det nå ikkje. Altfor mange tå desse innlegga ber tydelege merke tå di at det er bønder som har skrivi dem.

Her er stykke på telemål, valdrismål og gudbrandsdølsmål. Ymse stykke i både «Folkebladet» og «Statsborgeren» er tå ein romeriking som kallar seg «Ohla i Aasen». Ein ser lett at det er telemål-skrivinga i «Ugeblad for Skien» som har sett mod i han, så han vågar seg fram med bygdemåle sitt; han er huga på å gje embætsfolka litegran tå same «trynemjøle» som telane har gjevi dem. Men denne romerikingen er den einaste som kjem med grunn for at han skriv på bygdemål. «Je talar likefram som ho mor,» såleis sluttar han fyste bladstykke sitt, «før ho har bedt mæ å inte knote; utas kunne noen gjøra geip tå dæ, sa 'o.» Her har ein det djupaste i alt målstræve: Bonden, ålmuesmannen, vil «tala likefram», han har vørnad for seg sjøl og sitt eige, og han kræv same vørnaden tå dei andre.

Ein tå dei nasjonale bokmennene i den tida, diktaren S. O. Wolff, vart så op i vêre for di at bøndene la i veg på denne gjerda, så han tok til å skrive om «det nye norske sprog» som såleis heldt på å laga seg til, – det var i Arendals-blade «Den vestlandske Tidende» i 1832. Han meinte at bygdemåls-stykka var esla til «at yde Bidrag til et nyt, selvstændigt norsk Sprog», og at når bare fleire «vilde skrive, snart på det klangfulde thrønderske, snart på det kraftige smålehnske og totenske, snart på det bløde, musikalske bergenske, eller det raske valderske og tellemarkiske Sprog, da fik man en behagelig Blanding – en Total-Dialect, der vilde nærme sig det gamle, og skille sig fra det ny norsk-danske Skriftsprog». Dette var den fyste spådomen om at ein tå alle bygdemåla i hop kunde bygge op et norskt «landsmål», og Wolff tenkte seg ennda-til, at når ein hadde fått sett op dette landsmåle, så kunde stortinge lovfeste det til å vera einaste norske måle i lande. Men han, trøndaren, heldt på at det som skulde vera grunnlage for det nye norske måle, det måtte bli «den rette, kraftige norske Udtale, som især høres i Thrøndelagen, Gudbrandsdalen og Toten».

Dette krave hans høvde godt med dei nasjonale vilkåra på den tida. For mest all den norske bygdemålsskrivinga som til dess hadde komi fram, hørde til på Østlande (serskilt Telemarka og Romerike), og det som ikkje var derifrå, det var ifrå Trondheimen. Vestlande var slett ikkje med i heile denne rørsla. Det er på nytt i 1831-32 liksom det var i 1771: Målstræve er ei østlands-reising; det er østlendingen som tar op målspørsmåle.

Dette er ikkje så rart som det synes. For heile bondereisinga i 30-åra hadde mykje større magt på Østlandet enn vestpå. Det var dei to Oplands-amta og Akershus og Smålena som gav største styrken til bondefylkingen på stortinge. Der måtte bondemåle ta seg fram sterkast, så sant det var samanheng mellom målstræv og bondepolitikk.

Og det var ikkje bare i desse bondemålsstykka at østlandsmåle reiste bust. Det brøytte seg veg og rom inn i sjølve det gamle bokmåls-rike. Det var Henrik Wergeland som var hovudmannen for det. Han fresta seg med reint bygdemål au; han dikta viser fyst på romeriksmål og sia på halling- og valdrismål. For han hadde slik ein trong i seg til å vera norsk – fullnorsk i hug og ham. Men kunde han ikkje vera fullnorsk, så vilde han da ta med seg i arbeide sitt så mykje norskt han kunde rå med. Og så kjørde han bygdemålsord og bygdemålsformer – østlandsmål, romeriksmål alt i hop – inn i bokmåle sitt, aller mest når han skreiv for sjølve folke. Han vilde ha et fritt folk i et fritt land:

Hvis landet er for lite (jeg kan det neppe tro),
des mere bør vi eie det for os selv i ro.

Hvis folket er for kleint,
da bør dets ukrut lukes indtil det bliver reint.

Den tanken var det som dreiv målstræve hans au. Han vilde renske ut ugrase, så folke fekk bruke sitt eige mål.

Men denne østlands-reisinga fekk slett ikkje gå for seg i fred og blide dagar. Tvert imot – ho kveikte strid. Det var den fyste målstriden i Norge.

Og nå er det ein ting her som er vigtig. Striden stod ikkje bare om spørsmåle: norsk eller dansk i Norge. Det var noe anna som kom med, som gjorde striden til meir enn nasjonalstrid, – gjorde han til klasse-strid. P. A. Munch, den ypparste stridsmannen for det danske måle (han både sa og meinte «dansk», han gjekk ved at det var et fremmendt mål), – han spotta så fælt med desse målstrævarane som vilde bygge på ålmues-måle. Han vilde ikkje tåla i skrift slike ord «som ere blevne så almindelige for de lavere Klasser, og så sjældne blandt de Bedre, at deres Indtryk må være såre ubehageligt». Serskilt var han vond for slike «platte, aldeles pøbelagtige» former som «myra», «heia», «barna»; det var slikt som bare hørde heime «hos den laveste Pøbel i de mere fordærvede Egne». Kvassare kunde vel ikkje herre-tanken hos overklassa koma fram; det var ikkje «fint» å tala annerleis enn den gjorde. Og da var det rimelegt at Wergeland svarte med harde ord om «Sprogaristokrati og Sprogaristokrater». Denne fyste målstriden la klårt nok i dagen, at bokmåle var ei borg for overklassevelde mot folkemagta, og skulde folke i sanning bli herre i lande, så laut det bryte bokmåls-velde au.

Målstriden på Østlande i 30-åra vart ophave til alt målstræve sia i Norge. Bortpå Sunnmøre sat det ein ung bondegut og las i blada hoss dei slost om dette nye spørsmåle, og han las seg harm på alle dei fantorda som dei slengde etter morsmåle hans. Det var Ivar Aasen. Han sette op sjøl et innlegg i målstriden – det var i 1836 – , og ennda det ikkje kom til å bli prenta føre sytti år etterpå, så er det likevel dette innlegge som har reist programme for det norske målstræve. Her var det Aasen forma ut den merkelege tanken om hoss ein skulde granske alle bygdemåla, finne det som var sams for dem, og så bygge et nytt «hovedsprog» på dem, – et norskt mål som ikkje skulde «fremhæve nogen enkelt af vore dialekter», men vera sam-norskt. Det var den tanken han gjorde til livsverke sitt, og det var den som gjorde Ivar Aasen til slik ein nasjonal grunnleggar som han vart.

Det som Ivar Aasen vilde lære heile det norske folke, det var det same som han romerikingen «Ohla i Aasen» hadde tala om i 1832, – at ein skal ikkje knote, men halde seg til morsmåle sitt. Dette var Østlands-programme. Hoss kann det da ha seg at Østlande likevel vart ståande så utafor det aasenske målstræve?

Det er ikkje så beint fram å svara på, dette. Det er et tå dei vandaste spørsmåla i historia vår. Some kjem og seier det er tå di at østlendingen er ikkje så nasjonalt vakin som dei er på Vestlandet. Some meiner østlendingen har det så reint for mykje på det at han skal vera «fin»; han skal endeleg herme etter dem som har «daninga». Og la oss liksågodt vera ved, at det kann vera noe i dette. Østlendingen er ikkje lytelaus. Det skal mykje til å vera så nasjonalt vakin som ein burde. Og snobbeskapen gjør seg mangstad altfor brei. Det lyt vi nok sanne.

Men – det er nå snodigt da, at når det var østlendingane som tok til med målstræve, så skulde dei snu seg så ifrå det etterpå. Den gongen Ivar Aasen kom med måltanken sin, da var dei da visst ikkje meir nasjonalt vakne på Vestlande enn dei var her østpå, heller tvert imot, – hoss det var med snobbeskapen, skal eg ikkje kunne seia. Det må da ha ein grunn at det skulde snu seg såleis.

Vi må hugse på at det var ikkje i 30-åra Aasen kom og la fram landsmåle sitt. Det var fyst i 50-åra han var så ferdig med granskingane sine, så han kunde våge seg til å setta op det nye norske skriftmåle. Men det var mangt og mykje som hadde laga seg om på desse 15-20 åra. I 30-åra var det Østlande som stod fremst i bondepolitikken; i 50-åra vart det Vestlande. Det hadde meldt seg nye politiske spørsmål; arbeidarane og husmennene vilde vera med i det nye demokratie. Og da kløyvde det gamle bondepartie seg; østlandsbøndene gjekk imot arbeidarane, vestlandsbøndene gjekk i lag med dem. I striden om demokratie kom såleis østlandsbøndene mykje til å stå i hop med dei gamle motmennene sine, embætsfolke og byborgarane; dei vart overklasse-parti, dei au. Folk tok beint fram til å kalle det demokratiske partie for «vestlandspartie», – så kvast stod Vestland imot Østland. Men målreisinga var ei demokratisk reising, ein strid imot den gamle overklassa. Og da var det naturlegt at den vart ei vestlandssak. Da Østlande kom i strid med demokratie, gav det op målkrave sit au.

Det var stor skilnad i samfunds-vilkåra østpå og vestpå, så det var ikkje undrandes at Østland og Vestland skildes i politikken. Men ho var ei nasjonal ulykke, denne kløyvinga, og det leiaste var just at østlending og vestlending kom til å stå imot hår-andre i målspørsmåle. For er det no'a sak som et folk bør stå samla om, så er det vel måle sitt. Men det vart nå vandare og vandare å få til.

Ein kann seia seg sjøl, at når det var vestlendingen som tok op striden for det nye landsmåle, så laut landsmåle mest lempe seg etter vestlendingen. Det var andre ting au som drog i same leia. Den tid Ivar Aasen heldt på og sette op landsmåle sitt, tykte alle kunnige folk at det var gjævast med et mål som likna på det gamle måle så langt som bare råd var, og nå var det utvilsamt at likskapen var størst mellom gamalnorsken og vestlandsmåle. Det er slett ikkje rett å seia at Aasen difor bygde landsmåle sitt bare på vestlandsmål; ein kann peike på mange ting i det som ikkje er vestlandsk, men østlandsk. Men det østlandsmåle Aasen rekna med, det var helst det som dei talar oppi fjellbygdene. Måle utover dei breie, folketette flatbygdene vørde han lite på; han tykte det var altfor utskjemt, han kunde ikkje bruke det til det norske mønstermåle han vilde ha. Vi kann gjenne gå med på at det i visse måtar kunde vera nyttigt med slikt et mønstermål som heldt op for augene våre det egte norske ervemønstre. Men folkemål kunde det nå ikkje bli, – slett ikkje her på Østlande; det var så altfor mykje av egtaste østlandsmåle som ikkje fann rom innafor dette landsmåle.

Så gjekk da Østland og Vestland hår sin veg i målspørsmåle. Landsmåle vann sterkare og sterkare fram på Vestlande, og Østlande vart ståande med det gamle bokmåle. Det er ein nasjonal fåre for lande vårt, dette. Vi held på å bli et målkløyvt folk. Og det fins nå folk dessmeir, som gjør denne målkløyvinga til program, – som vil vi skal bli ståande såleis Vestland mot Østland. Det var nå her i vår at «Aftenposten» med reine ord sette op dette programme: landsmål på Vestlande, bokmål på Østlande. «Vi anerkjender – skreiv dette storblade – med stor villighed og glæde den sterke nationalfølelse og i sin grund konservative livsopfatning, som ligger til grund for den målvenlige bevægelse på Vestlandet. Vi vurderer i enhver henseende høit den kjærlighed, som vises overfor gammel tro, gammelt sprog, gammel tradition og gammel sed; det er en folkebevarende egenskab, som er en styrke hos ethvert folk.» Men kom bare ikkje med slikt på Østlande!

Eg veit ikkje anna nasjonalt som dette programme minner om, enn bagle-politikken. Den var ei østlandsreising, den au; men det er ikkje slik reising vi ønsker oss nå. Vi vil ha målsamling i Norge, vi vil møtes med vestlendingen på god norsk målgrunn.

Men da duger det ikkje å setta oss vale imellom anten vestlandsmål eller dansk bokmål. Skal østlendingen bli klemd mellom desse to måla, da kjøves han og dør.

Eg kann vise det i et einaste lite døme hoss det går. Her er ei bygd på Østlande som heiter Ørskau – d. v. s. såleis kallar folk ho til dagleg. Men ho skrivs «Urskog». I fyste leden har vi den danske vankunna; for «Ør» det har ingen ting med «Ur» å gjøra, det er det gode norske orde «aur» som blir stytt av såleis når det kjem så mange medlyd etterpå. Men i andre leden har vi god norsk – vestlandsform. Og på den gjerda har dei fått tynt heile østlandsnamne.

Såleis kjem det til å gå med alt østlandsmåle, om målstriden her østpå bare skal vera ein strid om hokken som kann få overtake, det nye landsmåle eller det gamle bokmåle. Østlendingen lyt nå reise seg og krevja rett og rom for sitt eige. Og han må ikkje bare be om rom innafor et av dei to skriftmåla som er i bruk nå. Skal han få retten sin, lyt han endeleg ein gong lære seg til å stå på sin eigen grunn.

Det er mange tå oss som har stræva i mange år med å få landsmåle til å lempe seg noe meir etter østlandsmåle. Men det er fælt lite vi har vunni. Og det er gode østlendingar dessmeir som seier: Ein må ikkje brøyte noe på landsmåle, uta vestlendingen gjev samtykke sitt; for vestlendingen har nå fått som ein serskild eigedomsrett til landsmåle. Men skal vi bare ta det som vi fær av nåde tå vestlendingen, da blir det seint å sleppe fram; eg tvilar for vi kann ikkje dryge så lenge.

Så er det mange som arbeider trutt med å få østlandsmål inn i det gamle danske bokmåle, og i some bøker kann ein sjå det har mona godt. Men i heile den store bok- og bladflaumen som dag etter dag skyl ut over bygdene, merkar ein likevel lite til denne «fornorskinga». Det er tjukt nok med dem som skrik på «fornorsking»; men det er hosta få som vil gjøra bokmåle norskt nok, – ennda færre som i sanning vil gjøra det norskt. Og det er nå et norskt mål østlendingen må ha; han kann ikkje greie seg med mindre.

Eg veit væl at det er mange østlendingar som lever og dør i den sæle trua at dei talar det bokmåle dei finn i bøkene og blada sine. Men om det var sant, hot skulde ein da med «fornorsking»? – Nei, østlendingen talar norsk, det er sanninga. Og vil han vera seg sjøl, – vil han vera norsk, – så lyt han setta igjenom dette norske måle sitt, så det blir det som rår her på Østlande.

Han kann ikkje slå seg til tåls med et bokmål som strir så sterkt som bokmåle ennda gjør imot alt det støaste norske i østlandsmåle. Østlendingen lyt seia til seg sjøl: Fram med østlandsmåle! Og så lyt han sjøl bera det fram til rett og magt. Programme må vera det same som han Ola i Aasen sette op i 1832: «Inte knote!»

Nå er det slett ikkje så at dette programme har vori reint gløymt bort alt sia 1832. Han knotar ikkje, østlendingen, så til dagleg. Men han må slutte å knote elles au. Han må ta den eine festninga etter den andre ifrå knote.

Han har alt lenge vori i gang med dette. Det var ein gong i 60-åra dei heldt et stort møte, lærarane på Østlande, og der kravde dei rett til å bruke bygdemåle i skolen. Den retten fekk dei i 1874; barna fekk lov til å tala heimemåle sitt på skolen, og lærarane fekk pålegg om å bruke same bygdemåle så godt dei kunde. Men dette var ennda ikkje nok. Fire år etter kom det et framlegg i Stortinge om at all oplæringa i skolen skulde gå for seg på bygdemåle; 36 stortingsmenner hadde sett namne sitt under dette, og fremst tå dem Akershus-repræsentanten Johan Sverdrup. Framlegge gjekk igjenom samrøstes, og Regjeringa gav ut forskrift om at «undervisningen i almueskolen bør såvidt mulig meddeles på børnenes eget talesprog». I skolen har da østlandsmåle sin faste og gode rett – på papire. Men skal dette bli meir enn papir, – skal det bli liv i ånd og sanning, så er det greitt at det må meir til; da må østlandsbarna få stavebok og andre lærebøker på sitt eige mål. Vi fær aldri knote ut or talen, før vi fær det ut or bøkene. Ein blir aldri god for å tala bygdemåle sitt fritt og friskt i alle høve og om alle ting, minder ein finn det på prent og lærer seg til å skrive det etter faste reglar. Østlandsmåle må ikkje bare lye ute på åkeren eller innafor stuguveggen; det må bli sett til høgbords i samfundslive og kulturarbeide. Og østlendingen sjøl må vera kar for å gjøra det.

Det er ikkje trong bygde-patriotisme, når østlendingen såleis går i veg med å reise måle sitt. Han gjør det tå di at han er normann og vil vera norsk. Han vil la alle dei andre ha sin rett der dei hører heime; men her på Østlande er det østlendingen som skal rå. Og reiser han sitt mål såleis som vestlendingen har reist sitt, da blir det tilsaman ei stor norsk reising. Det blir det norske folke som renskar tå seg den siste resten av fremmend-velde. Det blir folke som tar magta ifrå overklassa. Det er ein veldig vinning for norsk folke-framgang, når østlendingen blir seg sjøl fullt og fritt.

© 2010 Landslaget for språklig samling
Redaktør: Hans-Christian Holm, redaksjon krøllalfa sprakligsamling punktum no